Visit by Zapp family in the news paper [Norwegian]


Sogn Avis hadde dette oppslaget 23.08.2016:

Verda rundt med ein 88 år gamal bil

Køyrt over 300.000 km – Siste kontinent – Fekk hjelp i Sogn

Hilde Greve Mo, hilde@sognavis.no

hafslo: – Eg har aldri sett eit registreringsskilt frå Argentina i Norge før, seier Atle C. Gandrudbakken om bilen som kom på besøk til han på Hafslo.

Førre veke fekk Atle og Hilde G. Corneliussen besøk av den argentinske familien Zapp på seks. Dei har reist verda rundt i ein bil frå 1928 av merke Graham-Paige og er no i gang med å utforska det siste kontinentet på turen, Europa. Deretter skal familien og bilen ta sjøvegen heim att til Argentina.

Realiserte draumen

– Eg og Herman ville realisera draumen vår; å køyra frå Argentina til Alaska på eit halvt år, før me skulle stifta familie, fortel Candelaria. Men planen vart etter kvart utvida.

16 år seinare har ekteparet køyrt igjennom alle kontinenta, utanom Europa og Antarktika, i ein 88 år gamal bil, saman med sine fire born. Pampa (14) vart fødd i USA, Tehue (11) i Argentina, Paloma (8) i Canada, og Wallaby (7) i Australia. Ungane får privatundervisning av mora på vegen. Finansieringa av turen kjem frå boksalet av ei bok Herman har skrive, og som vert utgjeven på fleire språk, om korleis familien lever ut draumen.

Skryt over Noreg

Fram til no har bilen køyrt over 300.000 km frå kontinent til kontinent. No er familien i Noreg og planen deira er å køyra til Nordkapp, og vidare sjå resten av Europa. Familien skryter over Norge.

– Me frakta bilen til Sør-Afrika og vitja mange land i Afrika. Deretter køyrde me til Israel, Jordan og Tyrkia, før me reiste vidare til Europa. Me har teke mest bilete frå Norge frå me starta denne ruta, seier Herman.

Unike historier

Familien fortel at det ikkje er alle vakre strendene, høge fjell og den varierte naturen verda over som har vore hovudmotivasjonen til å reisa rundt i verda på fire hjul i så mange år.

– Det kjekkaste med å køyra verda rundt er alle folka me møter. Me har fått besøkt over 2.000 heimar verda over som har opna dørene for oss. Kvart menneske er unikt, og har ein unik historie å fortelja, seier Candelaria, og legg til at den gamle bilen deira gjer mange nysgjerrige.

– Det er skjebnen

Då Atle såg på Facebook at familien Zapp var i Bergen, inviterte han dei til å koma på besøk. Før familien kom fram, ringde Herman til Atle og fortalde at nokre delar til tenninga på bilen var gåen.

– Han trengde mellom anna ein kondensator, som er ei utfordring å finna til ein 1928-modell. Eg gjekk inn på Skyss bussverkstad i Lærdal, kor ein kar fortalde at han tilfeldigvis hadde liggjande ein kartong med kondensatorar heime. Då klarte me å få start på bilen som stod ved utsiktsposten på Aurlandsfjellet, fortel Atle.

– Ingenting skjer ved ein tilfelle, det er skjebnen, seier Candelaria.

– Kvar gong me har hatt problem med bilen, har det aldri skjedd medan me oppheld oss ein stad langt vekke frå sivilisasjonen, ler Herman.

Mykje til felles

Atle og Hilde har mykje til felles med familien Zapp. Ikkje berre har Atle ståande ein Reo Wolverine frå 1927 i garasjen, men paret har òg sjølve vore på ein lang ekspedisjon med Land Roveren sin.

Mongolia

– Etter å ha køyrd til Marokko, Nord-Afrika og Sahara, fann me ut at me ville køyra ein lengre tur. Me spurde oss sjølve; kva er den mest usannsynlege ruta ein kan køyre, seier Atle.

Svaret var Mongolia. I 2013 køyrde ikkje paret den «enkle» vegen gjennom Russland for å koma seg til endedestinasjonen.

– Me køyrde delar av den gamle Silkevegen. Fyrst frå Hafslo til Tyrkia, deretter gjennom Iran, Turkmenistan, Usbekistan, Tadsjikistan, Kirgisistan, Kasakhstan, Russland og Mongolia, fortel Hilde.

Du kan lese mer om familien Zapp her: http://www.argentinaalaska.com/blog/We-are

Eller mer om vår tur til Mongolia her